Grannehjelpa si årsmelding for 2025 er klar!

2025 var nok eit innhaldsrikt og spanande år for oss i Grannehjelpa. Nokon av dykk var aktivt med på å forma året og gjera det til den suksessen det vart. Andre, har vore gode støttespelarar og heia på oss heile vegen. No kan du endeleg lesa om alt me og våre gode allierte hadde føre i fjor!

Du kan lesa den heilt ferske årsmeldinga på denne lenkja: https://issuu.com/grannehjelpa/docs/_rsmelding_2025.

Om du føretrekk å lesa på papir, kan du ta turen innom kontoret vårt, så printar me den ut til deg.

God lesnad!

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam