Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"

Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.

skjerikvam.no finn du alle lag, organisasjonar og nokre verksemder. Er du ny innbyggjar eller innbarka kvemming vert dette staden for å finna ut kva du kan driva på med i fritida i HEILE Kvam. 

Ein enkel og oversiktleg aktivitetskalender finn du her, der alle lag, organisasjonar og verksemder sjølve kan leggja ut kva for tilbod dei har til innbyggjarane våre. Dette vert ein framifrå stad for å blesta laget og aktivitetane dykkar.

Dess fleire me er som bruker denne sida, dess kjekkare vert det for innbyggjarane i Kvam.


Velkomen til stormøte 21. oktober

Grannehjelpa og Kvam herad som samarbeider om skjerikvam.no inviterer alle lag og organisasjonar i heradet til eit stort felles møte. Her får de opplæring og informasjon om dette nye tilbodet. Me vonar DU eller nokon andre frå laget ditt tek seg tid til å vera med på denne samlinga.

Om du ikkje møter, vidaresend e-posten med lenke for redigering til han som møter for laget. Eit tips her er at du går inn på www.skjerikvam.no og gjer deg kjend med portalen, og gå gjerne inn på lenkja du får i forkant av dette møtet – for å gjera deg litt kjend med kva du kan gjera i portalen!

Ta med pc eller nettbrett til møtet! 

Tid: tysdag 21. oktober kl. 18

Stad: Heradsstyresalen på rådhuset, Grovagjelet 16 i Norheimsund

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam