Høyrselhjelpa er attende etter sommarferien!

Sommarferien er offisielt over for oss i Grannehjelpa, og dei gode høyrselhjelparane våre er i gang med å planleggja hausten 2025. Dei har allereie ferdigstilt vaktlista for sesongen (sjå nedanfor). Me held fram i same mønster som før: den fyrste og tredje torsdagen i månaden, kl. 10-12. Velkomen innom!


Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam