Arbeidslos 2025

Er du nokon med innvandrar bakgrunn, mellom 18 - 55 år og slite med å komme deg ut i arbeid? Bli med i vårt prosjekt, Arbeidslos: Medvandrar inn i arbeidsliv. Arbeidslos skal verke førebyggande og vere eit inkluderingsprosjekt. Prosjektet vil jobbe opp mot å skape ei bru mellom innvandrarar og arbeidsmarknad. Metode – Kursing, workshop, bedriftsbesøk og kopling med ein medvandrar som skal støtte deg og vise vegen.


Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam