-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
Nytt datakurs for eldre!
LHL Kvam, i samarbeid med Grannehjelpa, skipar til nytt datakurs for eldre. Har du lyst til å vera med, må du hugsa påmelding seinast innan 12. september. Me har avgrensa tal plassar, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld!Del på:
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.
-
Høyrselhjelpa er attende etter sommarferien!
Sommarferien er offisielt over for oss i Grannehjelpa, og dei gode høyrselhjelparane våre er i gang med å planleggja hausten 2025. Dei har allereie ferdigstilt vaktlista for sesongen (sjå nedanfor). Me held fram i same mønster som før: den fyrste og tredje torsdagen i månaden, kl. 10-12. Velkomen innom!
-
Arbeidslos 2025
Er du nokon med innvandrar bakgrunn, mellom 18 - 55 år og slite med å komme deg ut i arbeid? Bli med i vårt prosjekt, Arbeidslos: Medvandrar inn i arbeidsliv. Arbeidslos skal verke førebyggande og vere eit inkluderingsprosjekt. Prosjektet vil jobbe opp mot å skape ei bru mellom innvandrarar og arbeidsmarknad. Metode – Kursing, workshop, bedriftsbesøk og kopling med ein medvandrar som skal støtte deg og vise vegen.
-
Her kan du lesa årsmeldinga for 2024!
2024 var eit spanande år for Grannehjelpa - og no kan du endeleg få lesa om heile sulamitten i årsmeldinga vår!