Turprogram for hausten 2024

Grannehjelpa sine turgrupper har ferdigstilt turprogramma sine for hausten 2024. Her er det mange spanande og kjekke turar som DU kan vera med på! Sjå nedanfor for kvar turgruppe sin fullstendige plan. Dersom du føretrekk å ha oversikta på papir, kan du koma innom Grannehjelpa og få ein kopi. God tur!

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam