-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Ledig 100% stilling som dagleg leiar i Stiftinga Grannehjelpa
Brenn du for frivilligheit og lokalsamfunn? Stiftinga Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam og ein del av nettverket med 510 frivilligsentralar i Noreg. Frivilligsentralen skal vera eit kraftsenter, kontaktpunkt og møteplass for menneske, frivillige lag og det offentlege, open for alle som har lyst til å vera med. Viktige område for Grannehjelpa er integrering og inkludering, aktivitet på eldreinstitusjon og møteplassar. Sentralen har fast 1,5 årsverk, har heile kommunen som arbeidsfelt og samarbeider både med offentleg og frivillige aktørar. Dagleg leiar deltar i nettverk med andre frivilligsentralar. Dagleg leiar har ei nøkkelrolle i organisasjonen og rapporterer til styret.Dagleg leiar har ansvar for dagleg drift, administrasjon og økonomi, dette omfattar:
- Rekruttering, organisering og oppfølging av frivillige, som er dei viktigaste i sentralen
- Marknadsføring og informasjonsarbeid ; drift av heimeside og sosiale media
- Koordinering av aktivitet og arrangement
- Prosjektutvikling, gjennomføring og rapportering
- Nettverksbygging og kontakt mot det offentlege
- Drift og vidareutvikling av sentralens mange tilbod og aktivitetar
- Dagleg leiar er sekretær for styret og rapporterer til styret
Vi søkjer etter deg som er
- Strukturert, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
- Er synleg, har gode kommunikasjonsevner og inspirerer til samarbeid
- Kreativ, ide- og initiativrik, løysingsorientert
- Liker å jobbe med mennesker
- Kan like å ha mange ballar i lufta samtidig
- Grunnleggande kunnskap om økonomi
- Er fortruleg med å bruke dataverktøy
- Har relevant utdanning og erfaring, gjerne frå frivillig arbeid
Vi tilbyr ein spanande jobb med varierte og utfordrande oppgåver. Fleksibel arbeidstid, noko arbeid på kveldstid. Kurs og kunnskapsutvikling. Løn etter avtale. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
Spørsmål kan rettast til styreleiar Kari Mostad 916 24 056 eller dagleg leiar Trude Soma Augestad 901 22 688. Søknad med CV til Grannehjelpa på e-post: post@grannehjelpa.no, eller
Stiftinga Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, 5600 Norheimsund. Innan 13.november.
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.