-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.Prosjektleiar for integrering, Grannehjelpa
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%. Grannehjelpa sine kjerneoppgåver er å legga til rette for frivilligheit, skape møteplassar og vere kontaktledd mellom frivilligheita og det offentlege.
Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Også andre prosjektoppgåver kan vere aktuelle.
Viktige oppgåver
- Rekruttering, tilrettelegging og kopling av frivillige og familiar.
- Organisering av aktivitet, koordinering, oppfølging og gjennomføring av prosjekt.
- Samarbeid med ulike aktørar og frivillige lag.
- Evaluering og rapportering av prosjektet, skissere veg for vidare arbeid.
Vi søkjer etter deg som
- Har gode samarbeidsevner og samtidig stor evne til å jobba sjølvstendig.
- Er systematisk og kan jobbe strategisk, kommunisere godt.
- Er glad i menneske, liker å legge til rette for gode opplevingar.
- Har røynsle med integrering.
- Kjenner til prosjektarbeid og administrasjon knytt til dette.
Vi tilbyr eit inntil 1 års engasjement. Spennande og varierte utfordringar.
Prosjektoppstart 1.august.
Løn etter avtale.
Kontorstad: Grannehjelpa; Bondetun Sandvenvegen 1, Norheimsund.
Spørsmål kan rettast til styreleiar Kari Mostad (916 24 056). Søknad med CV og attestar vert sendt til Grannehjelpa på e-post: post@grannehjelpa.no eller pr. post til Grannehjelpa, Sandvenvegen 1, 5600 Norheimsund
Søknadsfrist 26. juni 2023.
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.