-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Ledig stilling: vikar i Grannehjelpa
Vil du vera med å skapa møte mellom menneske? Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1.års vikariat/prosjektleiar, stillingsstorleik opp mot 100%. Våre kjerneoppgåver er å legga til rette for og å utvikla frivilligheit, skapa møteplassar og vera kontaktledd mellom frivilligheita og det offentlege.
Me treng vikar for frivilligkoordinator og prosjektleiar til prosjektet "aktivitetsmøteplassen" og evt. til andre leiar- og driftsoppgåver.
Viktige oppgåver
Rekruttering og tilrettelegging for frivillige.
Organisering og koordinering av aktivitetar og arrangement.
Prosjektutvikling, gjennomføring og rapportering av prosjekt.
Diverse driftsoppgåver kjem gjerne i tillegg.
Vi søkjer etter deg som
Har gode samarbeidsevner men også god evne til å jobba sjølvstendig
Liker å vera synleg, har gode kommunikasjonsevner, liker å få folk med deg.
Strukturert samtidig som du har mange ballar i lufta.
Me tilbyr inntil eit års vikariat som kan bli forlenga. Spennande og varierte utfordringar. Løn etter avtale. Tilsetjing snarast eller frå nyttår. Spørsmål kan rettast til styreleiar Kari Mostad (916 24 056) eller vikar Grethe Galtung Johannessen (941 91 384). Søknad med CV og attestar vert sendt til Grannehjelpa på e-post: post@grannehjelpa.no eller pr. post til Grannehjelpa, Sandvenvegen 1, 5600 Norheimsund.
Søknadsfrist 24. november 2022.
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.