Takk for meg

Kjære alle de som eg har vore så heldig å få jobbe saman med – i smått og stort – dei siste åra 💚
Når eg no takkar av etter ti år i Grannehjelpa, er det med hjarte og hovudet fullt av minner om gode menneskemøte, gjennom dei mange og varierte aktivitetane og tiltaka eg har fått vera ein del av. Me har jammen fått til mykje godt og meiningsfullt saman, til glede og nytte for lokalsamfunnet vårt! Det har vore ei fantastisk reise som eg er særs takksam for å få ha fått vera med på. Takk til dei dyktige og kreative kollegaene mine, og til alle de fantastiske frivillige! Takk og til styret og styreleiarane spesielt for solid støtte gjennom åra.

Frivilligsentralane sitt slagord «Møte mellom menneske» peikar i mine auge på den aller viktigaste ressursen me har; menneske og relasjonane menneske i mellom. Me har alle ulike behov, og difor treng me mange og varierte møteplassar. Grannehjelpa er langt ifrå den einaste organisasjonen som jobbar med dette som mål i Kvam, og det er nettopp mangfaldet som gjer det godt å bu og leve her. 

Eg gler meg til å følgje «Team Grannehjelpa» med Rut, Helena, Grethe og Gunn Hilde frametter, og det reknar eg me de gjer og. No er det sommarferie, og til hausten ser eg fram til å startar med nye oppgåver på Hardanger Fartøyvernsenter. 


God sommar!
Hasta la vista 😊 På gjensyn alle saman 😊
Helsing frå Sidsel

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam