-
FRIVILLIGFEST
Me inviterer til ein kveld der me vil gjera stas på ALLE dei frivillige som gjer ein FANTASTISK innsats i Kvam. me får besøk av Hanne Stedje (frå tv serien "Alt for Årdal)" som skal halda eit føredrag for oss. Me skal ha kaka, og kaffi, utdeling av prisar og sjølvsagt BASAR. TA med deg ein ven/nabo/frivillig og kom då vel... Alle er hjartleg velkomne.
Dikt til varme, gode sommardagar
Superduoen Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal rundar av vårsesongen av tematreff i Torefjell med "Litteratur for varme, gode sommardagar". Her vil dei presentera luftige og sommarlege dikt, og koma med ein heil drøss med heite boktips. Om du vil førebu deg til treffet, kan du lesa alle dikta i lenkja under. (Bøkene skal vera ei overrasking!)Klikk på denne lenkja for å lesa Dikt til varme, gode sommardagar.
Tematreffet Litteratur for varme, gode sommardagar er det siste denne sesongen. Om alt går etter planen, startar me opp att den 19. august.
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
Del på:
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.
-
Høyrselhjelpa er attende etter sommarferien!
Sommarferien er offisielt over for oss i Grannehjelpa, og dei gode høyrselhjelparane våre er i gang med å planleggja hausten 2025. Dei har allereie ferdigstilt vaktlista for sesongen (sjå nedanfor). Me held fram i same mønster som før: den fyrste og tredje torsdagen i månaden, kl. 10-12. Velkomen innom!