-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
ReDesign startar opp att til hausten
Grunna korona fekk ikkje ReDesign starta opp att på Gamleskulen denne våren. Me satsar på at hausten vert betre, og at me får invitera til kreativ gjenbruk like etter sommarferien. Som før, vil ReDesign ta stad andre tysdag i månaden kl. 18 i Gamleskulen på Norheim.Kva er ReDesign?
ReDesign er ein handarbeidsverkstad der ein lagar noko nytt av noko gamalt. Har du, til dømes, ubrukte stoffrestar, klede som er for store eller små, tyg som ikkje lenger gjer nytta slik dei er, men som er for fine til å kastast? Ta det med på ReDesign! Der er det mange kreative og dyktige handarbeidsentusiastar som kan hjelpa deg med å sy om, reparera eller laga noko heilt flunkande nytt av det du allereie har! Gruppa har også eigne symaskiner på staden, så du slepp å sy for hand eller venta til du kjem heim att.
Kven høver ReDesign for?
ReDesign høver for alle som er interessert i handarbeid eller gjenbruk. Om ein er nybyrjar eller erfaren, kan ein finna prosjekt som er høvelege - og det er alltid lov å spørja om hjelp og gode råd. Ein kan koma hit fordi ein er nyfiken og har lyst til å læra, fordi ein vil vera kreativ saman med andre, eller fordi ein kan vera til hjelp og inspirasjon for andre. I gruppa er det, dessutan, folk i ulike aldersgrupper. Om du er usikker på om dette kan vera noko for deg, er du hjarteleg velkomen innom for å ta ein titt.
Kvar og kva tid tek ReDesign stad?
Som hovudregel, tek ReDesign stad kvar andre tysdag i månaden frå kl. 18 i Gamleskulen på Norheim (Nedre Norheim 2).
ReDesign er arrangert av Brita Træbakken. Arrangementet er heilt gratis å vera med på, og krev inga påmelding. Det er heller ingen møteplikt, så kom når det høver!
Til inspirasjon, nokre døme på kva som har blitt gjort på ReDesign tidlegare:
Eit gamalt broderi kan bli til eit stilig etui til nettbrettet
Eller, ei pute med retropreg
Ein kan også laga puter av gamle strikkerestar og ei kåpe
Sjefen sjølv, Brita Træbakken, med eit babyteppe laga av diverse stoffrestar
Ypparleg gåve til dei minste: stilige, mjuke og laga med kjærleik
Dersom du vil vita meir om ReDesign og sjå fleire bilete, kan du bli med i gruppa Gamleskulen ReDesign på Facebook: https://www.facebook.com/groups/225639267780578
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.