Generalforsamling i Grannnehjelpa

Styret i Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til Generalforsamling onsdag 7. april kl 18. Alle med interesse for frivillig arbeid er hjarteleg velkomen til å delta.

Møte vert gjennomført digitalt. Klikk her for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Saksliste

  • Opprop
  • Val av ordstyrar, referent, teljekorps og  to til å skriva under protokollen
  • Presentasjon av årsmelding 2020
  • Presentasjon av årsrekneskap 2020  og budsjett 2021
  • Val

Saker til generalforsamlinga må vera  i hende innan 26. mars 2021.

Årmeldinga finn ein her: Årsmelding 2020
eller, ein kan komme innom Grannehjelp å få papirkopi

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam