-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Aktivitet i vinterferien
Ja! Det vert aktiviteter for born og unge i vinterferien. Litt redusert grunna korona-situasjonen, men mykje å gle seg til likevell.PÅMELDING via skjema på www.kvam.kommune.no
Det er avgrensa tal plassar. Ein vil få svar to dagar før aktiviteten om ein har fått plass. Ein må ha fast bustad-adresse i Kvam for å kunna vera med på aktivitet. Me fylgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner for smittevern. Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, kan du ikkje vera med, sjølv om du er påmeld. Det kan verta endringar i programmet grunna korona-situasjonen. Alle aktivitetar er GRATIS.
Lurar du på noko? Ring 977 28 718.
HOBBYVERKSTAD
TYSDAG 2. MARS KL. 11-15 | KUNSTHUSET KABUSO:
Bli med på ei kreativ stund, og design di eiga t-skjorte med sjølvlaga trykk! Her får du læra korleis ein kan designa kule motiv og mønster, og korleis ein trykker på tekstil. Alle får éi t-skjorte kvar, så om du vil laga fleire, kan du gjerne ta med heimifrå. Felles lunsj.
FAMILIEBOWLING: Tysdag 2. mars kl. 17.30—19.00
DISCOBOWLIG for ungdom 13-18 år: Onsdag 3. mars kl. 18.30—20.30
Hardanger Bowlingklubb inviterer til bowling og pizza i Hardangersenteret i Øystese. For ungdomen, vert det også høg partyfaktor med discolys og musikk!
FAMILIEKINO: LASSIE KOMMER HJEM
FREDAG 5. MARS KL. 17.30—19.10 | KVAM KINO
Collien Lassie og 12 år gamle Florian er bestevener. Når far til Florian mistar jobben, og familien flyttar til ein liten leilegheit, må Florian og Lassie skilja vegar. Korleis skal dei to venene finna attende til kvarandre? Aldersgrense: 6 år.
KINO: CAPTAIN MARVEL
FREDAG 5. MARS KL. 20.00—22.05| KVAM KINO
Opphavshistoria til ein av Marvel-universet sine mektigaste superheltar. Når jorda hamnar i ein galaktisk krig, startar Carol Danvers på si reise mot å bli Captain Marvel. Aldersgrense: 12 år.
Ung Fritid er eit samarbeid mellom Kvam herad, Grannehjelpa og lokale frivillige lag og organisasjonar
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.