VARME FØTER i kvam

Har du tid, lyst og restegarn på lur til å laga småplagg som labbar, panneband, eller kanskje vottar og huer? Grannehjelpa og Biblioteket inviterer til aksjon VARME FØTER i Kvam.

Etter inspirasjon frå Frivilligsentralane i Ullensvang inviterer me deg som likar å strikke, gimpe eller hakke til å bli med på aksjonen. På denne måten kan du vera med å varma små og større føter, hender, hovud og hjarter i heile Kvam. Grannehjelpa ser til det du har laga går til nokon som treng det.

Me har opprette ei gruppe på Facebook som alle som vil kan vera medlem av. Del gjerne: https://www.facebook.com/groups/1330209134006404

Praktisk informasjon
Legg det du har laga i brødposar e.l. og merk gjerne med størrelse. Me jobbar med å få til fleire leveringsstader i Kvam, og kjem med oppdatert informasjon etter kvart. 

Førebels kan du levera hos
Grannehjelpa og
Biblioteket i Norheimsund,
Biblioteket i Strandebarm og
Biblioteket i Ålvik

Ein kan og sende det pr post til
Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, 5600 Norheimsund


Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam