Stengt ei veke til

Korona-situasjonen råkar og Grannehjelpa, og kontoret er stengt for publikum til 21. februar.

Sjølv om regjeringa har flytta Kvam frå A til C må me framleis halde stengt. Det er påbod om heimekontor for dei som kan, så tilsette i Grannehjelpa har rigga seg til ved kjøkenbord og spisebord.

Men, me er på jobb og kan nåast på telefon, sms og epost mellom kl 9 og 15 kvar vekedag.

Helena 480 72 456 | helena@grannehjelpa.no 
Rut 913 66 184 | rut@grannehjelpa.no
Sidsel 901 22 688 | sidsel@grannehjelpa.no

Aktivitet som inneber fysiske møter er og innstilt, men me møtast på Whereby både til språktreff og tematreff.

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam