Frå Håvamål til rosemalte selfies - les alle dikta her!

Har du tenkt til å vera med på tematreffet "Frå Håvamål til rosemalte selfies", og kunne tenkt deg å lesa dikta på førehand? Klikk på lenkja under, og få opp alle tekstane som Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal skal presentera!

Trykk her for å lesa alle dikta: Frå Håvamål til rosemalte selfies - dikt i 1000 år.

Arrangementet tek stad torsdag 4. februar kl. 18 på internett. Du kan vera med ved å gå inn på denne nettadressa: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Her vert det både høgtlesing og synging av dikt, litt tolking, og mykje god samtale.

Velkomen!

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam