-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
Julekalenderquiz: alle spørmåla
Her finn du alle spørsmåla i årets julekalenderquiz. Finn løysingssetninga, og bli med i trekninga av eitt av fire gåvekort. Meir informasjon om innsending av svar, finn du nedst i denne artikkelen.1. DESEMBER
Kva er adressa til Grannehjelpa?
Ta vare på den tiande bokstaven i svaret
2. DESEMBER
Kva heiter gruppa med frivillige som arrangerer aktivitetar som song og musikk, trim og velvære, historie og bingo, på Mikkjelsflaten?
Ta vare på den tredje bokstaven i svaret
3. DESEMBER
Kva vert markert under den årlege festivalen KvammaVEKO?
Ta vare på den fjerde bokstaven i svaret
4. DESEMBER
Kva heiter Grannehjelpa sin frivilligpris, som vart utdelt no i desember?
Ta vare på den fyrste bokstaven i svaret
5. DESEMBER
Kvam bibliotek og Grannehjelpa arrangerer ein vekentleg aktivitet for dei som vil øva på å snakka norsk. Kva heiter den?
Ta vare på den fjerde bokstaven i svaret
6. DESEMBER
Thon Hotel Sandven opnar spisesalen sin for seniormiddag siste onsdag kvar månad. Kva heiter aktiviteten?
Ta vare på den sjuande bokstaven i svaret
7. DESEMBER
Kva heiter den hardtarbeidande og alltid like blide daglege leiaren i Grannehjelpa?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret
8. DESEMBER
Julestjerne er den mest populære juleblomen i Noreg. Kva er det vitskaplege namnet?
Ta vare på den åttande bokstaven i svaret
9. DESEMBER
Filmen Tre nøtter til Askepott har vorte ein norsk juleklassikar, mykje på grunn av den norske forteljarstemma. Kva heiter mannen bak stemma?
Ta vare på den femte bokstaven i etternamnet
10. DESEMBER
Julenissen har, som kjend, ein makker som heiter Rudolf, som er raud på nasen. Kva slags dyr er han?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret
11. DESEMBER
Fullfør songteksten: "den blankeste ta alle, hu er så klar og stor, du ser 'a over taket der 'a _____________ bor".
Ta vare på den femte bokstaven i svaret
12. DESEMBER
Kven har skrive forteljinga om Snekker Andersen og julenissen?
Ta vare på den sjette bokstaven i etternamnet
13. DESEMBER
Lussekattar skal vera gule på fargen for å symbolisera sola og lyset. Kva for krydder nyttar ein, tradisjonelt sett, for å få lussekattane gule?
Ta vare på den sjette bokstaven i svaret
14. DESEMBER
Kven har skrive teksten til Det lyser i stille grender?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret
15. DESEMBER
I haust har Grannehjelpa samarbeida med den nasjonale organisasjonen Bydelsmødre Norge om å kursa kvinner med minoritetsbakgrunn i det offentlege lokalsamfunnet og vegleiing. Målet er at desse kvinnene skal bli brubyggjarar mellom det offentlege og minoritetsfamiliar. Kva tittel har desse kvinnene fått her lokalt?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret
16. DESEMBER
Kvar tek aktivitetar som Kafé Norheim og ReDesign stad?
Ta vare på den sjette bokstaven i svaret
17. DESEMBER
Grannehjelpa arrangerer tre turgrupper: Fotalaget, Karatrakk og _____________.
Ta vare på den sjuande bokstaven i svaret
18. DESEMBER
Kven er styreleiar i Grannehjelpa?
Ta vare på den fjerde bokstaven i førenamnet
19. DESEMBER
I haust har Grannehjelpa starta med ein vekentleg aktivitet på internett, der me blant anna har hatt bokpresentasjon, føredrag om søvn, og samtale med Frank Kjosås. Kva heiter aktiviteten?
Ta vare på den tredje bokstaven i svaret
20. DESEMBER
Fullfør Inger Hagerup sitt adventsvers: "Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned. For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred, på denne _____ jord, hvor menneskene bor".
Ta vare på den femte bokstaven i svaret
21. DESEMBER
Denne drikken heiter "mulled wine" i Storbritannia og "glühwein" i Tyskland. Kva heiter den i Noreg?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret
22. DESEMBER
Hendingane i Henrik Ibsen sitt skodespel Et dukkehjem tek stad i romjula. Kva heiter hovudkarakteren?
Ta vare på den tredje bokstaven i etternamnet
23. DESEMBER
I kveld skal mange sjå på hovmeistaren som snublar seg gjennom eit middagsselskap. Kva er førenamnet til vertinna?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret
24. DESEMBER
Byrjinga av juleevangeliet går slik: "og det skjedde i de dager at det gikk ut et bud fra keiser Augustus at all verden skulle skrives inn i ________".
Ta vare på den fyrste bokstaven i svaret
Har du funne løysingssetninga, som gøymer seg bak alle dei oppsamla bokstavane? Då kan du bli med i trekninga av eitt av fire gåvekort! Me har gåvekort hos Nille og Lokalen i Norheimsund, og Felleskjøpet og Huus bokhandel i Øystese. For å vera med i trekninga må du senda løysingssetninga + namet ditt på e-post eller SMS til Grannehjelpa: helena@grannehjelpa.no / 480 72 456 seinast 29. desember kl. 23.59. Trekninga tek stad den 30. desember.
Lukke til!
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2025!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2025. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Turprogram for våren 2025!
2025 er godt i gang, og Grannehjelpa sine turgrupper traskar vidare! Turleiarane i Fotalaget, Trakkatrimmen, og Karatrakk har hatt planleggingsmøte denne veka, og sett opp turprogram med mange spanande turmål! Sjå fullstendig oversikt nedanfor. Merk at Trakkatrimmen fyrst startar opp att den 4. mars!
-
Kven synest du fortener Eldsjelprisen 2024?
Me nærmar oss slutten av året, og det er tid for å nominera sin kandidat til årets Eldsjelpris! Skriv ei kort grunngjeving og send inn til styret i Grannehjelpa (sjå kontaktinformasjon nedanfor). Fristen for innsending er 1. desember.
-
KvammaVEKO 2024 er i gang!
KvammaVEKO 2024 er i gang! Sjekk ut fullt program for heile veka nedanfor. Håpar å sjå DEG der!