-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Nyfiken på dei nybakte bygdemødrene i Kvam?
Les meir om dei nybakte bygdemødrene i desse artiklane frå Hordaland Folkeblad frå fredag 4. desember og tysdag 8. desember.Dei 11 kvinnene som har gjennomgått det 10 vekers lange kurset, har no fått tittelen "Bygdemor". Gjennom kurset har dei fått møte fagpersonar frå mellom anna lokalt skule- og helsevesen, Nav, barnevern og mange andre samfunnsområde. Frametter skal dei arbeide frivillig med å dela kunnskapen dei har fått med andre i sine nettverk. Bygdemødrene er nøkkelpersonar med unik språkleg og kulturell kompetanse som kan bidra til å spreie viktig informasjon i lokalsamfunnet.
Bydelsmor Norge og Likestillingssenteret KUN inviterte rett før sommaren Grannehjelpa til å vera med i dette pilotprosjektet som inkluderar tre andre kommunar i Norge; Grong, Levanger og Drammen. Kvam er først ut.
Prosjektleiar i Grannehjelpa er Rut Oppedal Rasmussen, som fortel at engasjementet hos deltakarane har vore heilt upåklagelig. Ho peikar vidare på det gode samarbeidet med dei ulike tenestene i Kvam herad som har bidrege med fagleg innhald, og sist men ikkje minst dei frivillige medarbeidarane som har vore til uvurderleg hjelp i praktisk gjennomføring.
Vil du har kontakt med ei bygdemor? Send epost eller ring/sms til rut@grannehjelpa.no telefon 913 66 184 så formidlar ho kontakt.



Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.