Desemberprogrammet for tematreff på internett er klart!

Tematreff på internett har allereie teke stad åtte gongar i haust - men me er langt i frå ferdige med å finna på kjekke, morosame og lærerike digitale aktivitetar. Faktisk, så har me planlagt å ha tematreff kvar veke i heile desember - til og med i romjula! Sjå fullt program lenger ned!


Ser du noko du kunne tenkja deg å få med deg? Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Funkar det ikkje? Her finn du instruksjon til korleis du kjem deg på: https://wisweb.no/iris?M=21331&P=79219


Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam