-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Kjøleskåpsgraut, oppskrifter
Var du med på tematreff i Torefjell onsdag 25. november og vil ha oppskrifter på kjøleskapsgraut? Då må du klikke deg inn her.Det finnes ei rekkje oppskrifter på kjøleskapsgraut, eller over-natta-graut som det og vert kalla Du kan google "kjøleskapsgrøt" (får oftast fleire treff om ein brukar bokmål), eller du kan gå til nettsidene Matprat, Tine eller Melk.
Basisoppskrift 1-2 porsjonar:
2 dl havregryn
2 dl melk (du kan gjerne bruke Biola, havremjelk, mandelmjelk eller kokosmjelk)
Eventuelt ein klype salt
Ein kan tilsetje yoghurt, kesam, cottage cheese, kefir om ein vil (dette kan du og blande inn før du et den etter at den har stått kaldt over natta).
Ein kan bruke søtning som sukker, flytende honning, brunt sukker eller kunstig søtning.
Ein kan tilsetje frø, nøtter, tørka frukt eller frosne bær.
Ein kan bruke smakstilsetjing som kanel, kakao, sitronsaft, sitronskall, appelsinsaft, sjokolade, vaniljestang.
La grøten stå under lokk i kjøleskåp minst 6 timar, helst over natta.
Rør i grauten før du pynter med bær, frisk frukt, gulrot, nøtter, frø, frukt, syltetøy eller anna du måtta ha i skuffer og skåp.
Hans Soldal si oppskrift:
1dl store havregryn
1dl mjelk
1 dl yoghurt (veldig gjerne vanilje)
¼ ts salt
1 ts søtning (sukrin)
La stå over natta.
Pynt med bær eller frukt på toppen før du nyt
Håpar de smakar!
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.