Treng du møterom på internett?

Treng du møterom på internett har Grannehjelpa fleire rom til gratis utlån.

Eit digitalt møterom er ein stad der to eller fleire personar kan møtast via video. Grannehjelpa disponerer fleire slike «rom» som kan nyttast til møteverksemd for lag og organisasjonar, sosial samkome for familie og vener, eller som ein arena for open aktivitet.  Kanskje vil du halda kaffislabberas med  klubben, arrangera quiz-kveld eller  strikkekurs? Her er det berre fantasien som set grenser! 

Whereby er lett å bruka, og fungerer på datamaskin, nettbrett og telefon. Har du spørsmål, eller ynskjer å booka tid? Kontakt oss på post@grannehjelpa.no 



Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam