-
Her kan du lesa årsmeldinga for 2024!
2024 var eit spanande år for Grannehjelpa - og no kan du endeleg få lesa om heile sulamitten i årsmeldinga vår!
Bydelsmor går til bygda
Saman med Drammen, Grong og Levanger, er Kvam ein av fire kommunar som får vera med i pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda". Prosjektet har fått det lokale namnet "Bygdemor", men følgjer læringsplanen til moderorganisasjonen Bydelsmødre Norge. I løpet av hausten vil prosjektet ha fostra 12 nybakte bygdemødre.Bydelsmødre Norge er ein ideell organisasjon som arbeider for og med kvinner med minoritetsbakgrunn. Grunntanken i Bydelsmødre-konseptet er at mødre på mange måtar er nøkkelen til heile familien sin sosiale og kulturelle inkluderingsprosess. Ved å tilby frivillige, ressurssterke kvinner eit opplæringsprogram med tema som foreldreskap, born, skule, arbeid og helse, er håpet å gje kvinner den kunnskapen og stønaden dei treng for å kunna hjelpa seg sjølve og kvarandre.
Målet er at bydelsmødrene skal tileigna seg kunnskap om kva rettar, moglegheiter og plikter dei har i samfunnet, og kvar dei skal venda seg for å få desse innfridd. Vidare, skal dei kunna formidla denne informasjonen til andre kvinner, som det offentlege kan ha vanskeleg for å nå, anten på grunn av språk, isolasjon eller andre utfordringar. Såleis har bygdemødrene ei unik rolle - som brubyggjarar mellom familiar med minoritetsbakgrunn og det norske samfunnet - då dei er kjende med både familien sitt språk og kultur og det norske tenesteapparatet.
Målsettinga når ein gjennom følgjande delmålsettingar:
- Brubygging mellom kvinner og lokalsamfunnet.
- Kvinner oppdagar og brukar eigne ressursar for å styrka seg sjølv, familien og lokalsamfunnet.
- Familiar og lokalsamfunnet vert rusta opp til å skapa eit oppvekstmiljø som styrker born og unge til å klara seg i samfunnet.
I Noreg vart organisasjonen Bydelsmødre stifta i 2016 av Nasreen Begum etter modell frå Tyskland og Danmark. Det er så langt etablert frivillige Bydelsmødre-foreiningar og grupper i seks bydelar i Oslo. I haust vart også pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda" lansert, der Kvam er ein av fire kommunar som får delta.
Her i Kvam er det Grannehjelpa som står ansvarleg for prosjektet, med koordinator Rut Oppedal Rasmussen som prosjektansvarleg. Læreplanen er stort sett den same som for Bydelsmor Norge, med somme endringar for å setja det heile i eit lokalt perspektiv. I august vart det oppretta ei ressursgruppe (beståande av Reidun Braut Kjosås, Siriann Lillevik, Elin Tonning, Liv Berit Befring og Grethe Helen Mæland) for å gje innspel til emne og rekruttera føredragshaldarar til samlingane.
Fyrste runde med Bygdemor starta opp her i Kvam den 17. september. Dei nye bygdemødrene er kvinner frå Thailand, Filippinene, Kongo, Litauen, Polen, Somalia, Eritrea og Syria. Sjølve kurset går over ti modular.
Del på:
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2025!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2025. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Turprogram for våren 2025!
2025 er godt i gang, og Grannehjelpa sine turgrupper traskar vidare! Turleiarane i Fotalaget, Trakkatrimmen, og Karatrakk har hatt planleggingsmøte denne veka, og sett opp turprogram med mange spanande turmål! Sjå fullstendig oversikt nedanfor. Merk at Trakkatrimmen fyrst startar opp att den 4. mars!
-
Kven synest du fortener Eldsjelprisen 2024?
Me nærmar oss slutten av året, og det er tid for å nominera sin kandidat til årets Eldsjelpris! Skriv ei kort grunngjeving og send inn til styret i Grannehjelpa (sjå kontaktinformasjon nedanfor). Fristen for innsending er 1. desember.