-
Grannehjelpa si årsmelding for 2025 er klar!
2025 var nok eit innhaldsrikt og spanande år for oss i Grannehjelpa. Nokon av dykk var aktivt med på å forma året og gjera det til den suksessen det vart. Andre, har vore gode støttespelarar og heia på oss heile vegen. No kan du endeleg lesa om alt me og våre gode allierte hadde føre i fjor!
"Saman på Nett"
Samarbeidsprosjekt mellom Rogaland og Vestland!Visste du at då Korona pandemien braut ut, og alt vart stengt, så begynte Grannehjelpa å arbeide på høggir for å kunne kommunisere og halde aktiviteten oppe i mange forskjellige grupper? Saman med Kvam Folkebibliotek, Klepp bibliotek og Klepp Frivilligsentral søkte dei om midlar til å kjøpe inn og prøve ut digitale løysingar. Dette resulterte i innkjøp av Whereby for business – her kan opp til 50 personar møtast samstundes i kvart rom, og me har 10 møterom tilgjengeleg. Her i Kvam starta «Saman på nett» med Språktreff allereie før påske. No er me klar til å ta steget vidare, og vil gjerne fylle dei digitale romma med enno meir aktivitetet. I Klepp har dei til dømes både styrketrening, leksehjelp og meditasjon via Whereby. Kanskje har du eller nokon du kjenner idear til kva me kan bruke desse digitale romma til? Me høyrer gjerne frå deg!
Prosjektet som inneber at to regionar, Vestland og Rogaland, samarbeider, gjer det lettare å samle erfaring som vi vil dele med alle dei 460 frivilligsentralane i landet. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen.
klepp.bibliotek@klepp.kommune.no frivilligsentralen@klepp.kommune.no bibliotek@kvam.kommune.no post@grannehjelpa.no
Del på:
-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.