Språktreff

Visste du at språktreffet er kvar tysdag kl 18-19 sjøl om det er Korona? No kan du vera med sjøl om du sit heime! Ja, det stemmer, vi snakkast kvar tysdag, men brukar Whereby for å "møta" kvarandre.

Kvar tysdag etter påske har vi arrangert Språktreff. Det fungerer slik at vi møtes ved hjelp av Whereby. Først er vi samla alle saman, akkurat som på biblioteket, og så går vi i grupper. Det er ein som har ansvar for tema, og til no har vi snakka om utdanning, årstider, ver, meg sjøl, klima og dyrking av grønsaker. Ta kontakt med oss viss du vil vera med, eller sjekk Facebook/Språktreff i Kvam.

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam