-
Turprogram for våren 2026!
Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)
Instruksjonar for bruk av Whereby
Nye tider krever nytenking og nye løysingar. Sjølv om me for tida ikkje kan møtast andlet til andlet, tyder ikkje det at me ikkje kan treffast. Me kan nemleg møtast på internett - der me både kan sjå og høyra kvarandre.I samarbeid med Klepp Frivilligsentral, Klepp bibliotek og Kvam bibliotek, har Grannehjelpa fått innvilga midlar frå Gjensidigestiftinga til å utvikla møtestadar på digitale plattformar. Prosjektet har fått titelen Saman på nett, og har som føremål å skapa og opretthalda aktivitet, møteverksemd og sosial kontakt gjennom det neste året.
For å få til dette, har me valgt å nytta oss av møteplattformen Whereby. Whereby er ei nettbasert løysing som er lett tilgjengeleg på PC/Mac, nettbrett og mobiltelefon. Ein kan logga seg på anten via nettlesar eller app. Tenesta er svært brukarvenleg, og har enkle funksjonar.
Når du skal vera med på ein aktivitet eller møte på Whereby, vil du få tilsendt ei lenkje til det "rommet" der møtet tek stad.
Nedanfor finn du instruksjonar for bruk av Whereby på:
Del på:
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2026!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2026. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Ny lagsportal: "Kva skjer i Kvam?"
Endeleg kjem det ein ny lagsportal i Kvam på www.skjerikvam.no. Tysdag 21. oktober inviterer Grannehjelpa og Kvam herad alle lag og organisasjonar til eit ope møte om løysinga.
-
Turgruppene sine turprogram for hausten 2025
Turgruppene våre er i full vigør etter sommarferien - og no er også turprogramma deira ferdigstilt. Fotalaget og Karatrakk held fram i same leia som før, medan Trakkatrimmen held fram med å gå på tur kvar tysdag kl. 11.30, men no utan førehandsbestemte turmål og turleiar. Sjå full oversikt over turprogramma, samt endringane innad i Trakkatrimmen, i artikkelen under.