Aktivitetsvenn Frivillige aktivitetsvenner deltek i aktivitetar som dei likar å driva med saman med ein som treng det av ymse grunnar, så som demens.
Barnas Verdsdag Festival for heile familien der ein kan møta, oppleva og læra om kulturar frå heile verda.
Bingo Frivillige tek med seg bingohjul og gevinstar til ulike institusjonar i kommunen, og spelar BINGO!
Danseglede Frivillige vitjar eldreinstitusjonane i Kvam og tilbyd fysisk aktivitet gjennom dans og danseglede.
Handlevogn Tilbod på Mikkjelsflaten, Øysteseheimen og Strandebarmomsorg. Handlevogn med forbruksvarer for bebuarane.
Hjelp ein sambygding Strandebarm Frivillige tilbyd ymse slag av ein-til-ein-hjelp i området Strandebarm og omegn.
Høyrselhjelpa Likepersonar frå Kvam Høyrsellag tilbyd hjelp til enkelt vedlikehald av høyreapparat, sal av batteri og anna utstyr, samt utlån av samtaleforsterkarar.
Korona: Køyreoppdrag Mellombels teneste for dei som er i karantene, risikogruppa for covid19 eller som av annan grunn har vanskeleg for å handla matvarer, apotekvarer eller få gjort andre ærend utomhus i perioden med tilrådd isolasjon.
Korona: telefon og digital Mellombels tilbod om sosial kontakt via telefon og digitale plattformar. Deltakarar kan vera telefonvener, ha språktrening eller leksehjelp, eller berre drikka ein kopp kaffi i lag over videochat.
KvammaKOMPIS Éin kvemming med norsk bakgrunn og éin kvemming med ikkje-norsk bakgrunn inngår avtale om å møtast seks gonger over eit avgrensa tidsrom for å verta betre kjend.
Natteravn Kvam Natteravnordninga blåses igang våren 2022, etter samarbeidsmøter mellom utekontakt i Kvam herad, politiet, Grannehjelpa og FAU Kvam ungdomsskule. Me er alle bekymra for ungdom på utearenaen i Kvam. Noreg har vært stengt ned i nesten 2 år, og mange ungdommar opplev å ha gått glipp av mye. Mange feirar friheita dei har fått tilbake, noko me har stor forståing for. Me ønskjer å ha trygge vaksne tilstades på utearenaen gjennom vår, sommar og høstmånadene, for å gjere utearenaen tryggare for alle.
Praktisk hjelp Praktisk småarbeid ute og inne. I bygdene våre bur de folk som treng ei handsrekkje i ny og ne. Det kan vera grasklypping, klypping av hekk, bera inn ved, køyre vekk "pas", byte lyspere osv. Oppgåver og oppdrag vert avtalt frå gong til gong.
Samfunn og lokalmiljø Grannehjelpa har aktivitetar og tiltak som er tidsavgrensa og opne for alle. KVAMMAveko og KvammaKOMPIS er døme på dette.
Seniordans Strandebarmheimen Seniordansen vitjar Strandebarmsheimen for å dansa for og med bebuarane.
Snakkatrimmen Snakkatrimmen er ein trimgruppe for deg som kjenne at nokre oppgåver i kvardagen vert tunge og har eit ynskje å vedlikehalda eigen funksjon.
Sommarfest for eldre på institusjon Frivillige arrangerer sommarfest med godt mat, underhalding og dans i hyggjeleg lag. Bebuarar, brukarar av dagsenter, helsepersonell og pårørande er alle velkomne!
Song på eldreinstitusjon Frivillige bidreg med aktivitet og underhaldning på fleire eldreinstitusjonar i kommunen. Grannehjelpa bidreg med koordinering og tilrettelegging.
Språktreff/leksehjelp Kvar tysdag på biblioteket i Norheimsund: Språkkafe/leksehjelp kl 1730-1900. Inga påmelding, berre møt opp!
Stovegjest Stovegjestane kjem til bebuarane på Mikkjelsflaten og Toloheimen med aktivitetar som song og musikk, trim og velvære, historie og bingo.
Styrearbeid Styret i Grannehjelpa møtest med jevne mellomrom gjennom året, både til ordniære styremøte og strategisamlingar.
Tematreff i Torefjell Fellesskap for Framtida er eit prosjekt som har som føremål å førebyggja isolasjon og einsemd blant seniorar.
Turgruppa FOTALAGET Kvar tysdag kan du vera med på tur med turgruppa Fotalaget kl. 11. Møt opp ved Spar i Norheimsund. Inga påmelding - berre kom!
Turgruppa KARATRAKK Kvar onsdag kl. 11 legg turgruppa Karatrakk ut på tur frå Spar i Norheimsund. Inga påmelding - berre møt opp!
Turgruppa TRAKKATRIMMEN Mosjonsgruppe for alle som føretrekk å gå i moderat tempo, i lett terreng. Oppmøte ved Spar i Norheimsund kvar tysdag kl. 11.30.
Turgruppe på rehab. Toloheimen Turtilbod for alle pasientar ved rehabiliteringsavdelinga på Toloheimen kvar tysdag kl. 16.30.