Tematreff i Torefjell

Fellesskap for Framtida er eit prosjekt som har som føremål å førebyggja isolasjon og einsemd blant seniorar.

Aldersgruppe: For alle

Gjennom den digitale møteplattformen Whereby vert det arrangert ulike tematreff. Ved å skapa møteplassar på nett, er håpet å fremja den digitale kunnskapen blant seniorar, samstundes som ein legg til rette for sosiale og interaktive aktivitetar. Tematreffa kan variera frå kulturarrangement, føredrag og kurs, til matlaging, trening og sosialt samkome.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam