"Saman på Nett"

Samarbeidsprosjekt mellom Rogaland og Vestland!

Visste du at då Korona pandemien braut ut, og alt vart stengt, så begynte Grannehjelpa å arbeide på høggir for å kunne kommunisere og halde aktiviteten oppe i mange forskjellige grupper? Saman med Kvam Folkebibliotek, Klepp bibliotek og Klepp Frivilligsentral søkte dei om midlar til å kjøpe inn og prøve ut digitale løysingar. Dette resulterte i innkjøp av Whereby for business – her kan opp til 50 personar møtast samstundes i kvart rom, og me har 10 møterom tilgjengeleg. Her i Kvam starta «Saman på nett» med Språktreff allereie før påske. No er me klar til å ta steget vidare, og vil gjerne fylle dei digitale romma med enno meir aktivitetet. I Klepp har dei til dømes både styrketrening, leksehjelp og meditasjon via Whereby. Kanskje har du eller nokon du kjenner idear til kva me kan bruke desse digitale romma til? Me høyrer gjerne frå deg!

Prosjektet som inneber at to regionar, Vestland og Rogaland, samarbeider, gjer det lettare å samle erfaring som vi vil dele med alle dei 460 frivilligsentralane i landet. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen.

klepp.bibliotek@klepp.kommune.no  frivilligsentralen@klepp.kommune.no  bibliotek@kvam.kommune.no  post@grannehjelpa.no 

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam