Møt oss på internett

Kva med å lera å lage sunn mat, få treningstips, få informasjon om korona og inspirasjon til å sjå moglegheiter? Fire onsdagar frametter kan du få med deg dette, frå eiga stove. Klikk på lenka nedanfor for å vera med.

Saman på nett er eit samarbeidsprosjekt mellom Grannehjelpa, Klepp Frivilligsentral, Kvam Bibliotek og Klepp Bibliotek. Målet med prosjektet er å gje dei som treng øve på norsk språk ei digital møteplass.

Denne hauster har fire tematreff med aktuelle tema på Whereby (internett). Klikk her for å vera med: http://bit.ly/samanpånett

11. november kl 18: Sunn mat med Maggi Gausdal. Maggi er oppteken av sunn, god og enkel mat. Ho vil gje oss tips og oppskrifter som me kan bruke heime.

18. november kl 18: Kvinners mulighet med Safia Abdi Haase. Safia kom til Noreg i 1992 med tre born. Ho har utdanna seg til sjukpleiar og vil snakke om kvinner sine moglegheitar.

2. desember kl 18: Småbarnsmor og sjukepleiar Khadra Siciid Farah snakkar om korona, om korleis en taklar stigma og overvinn helsefrykt. Khadra er og helserådgjevar og kan svare på dei spørsmåla du har.

9. desember kl 18: Treningstips for sterk kropp med fysioterapaut Ragnhild Trøite. Ragnhild vil vise oss enkle øvingar som me kan gjera heima, og som er gode å bruke om me ønskjer ein sterkare kropp.

Her finn du "oppskrift" på korleis du kjem inn på Whereby: https://grannehjelpa.no/dokument?instruksjonar-for-bruk-av-whereby&Id=79219

Treffa er ein del av prosjektet "Samen på nett" som er eit samarbeid mellom Grannehjelpa, Kvam Bibliotek, Klepp Frivilligsentral og Klepp Bibliotek. Prosjektet er finansiert av Gjensidigestiftinga. 

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam