Bydelsmor går til bygda

Saman med Drammen, Grong og Levanger, er Kvam ein av fire kommunar som får vera med i pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda". Prosjektet har fått det lokale namnet "Bygdemor", men følgjer læringsplanen til moderorganisasjonen Bydelsmødre Norge. I løpet av hausten vil prosjektet ha fostra 12 nybakte bygdemødre.

Bydelsmødre Norge er ein ideell organisasjon som arbeider for og med kvinner med minoritetsbakgrunn. Grunntanken i Bydelsmødre-konseptet er at mødre på mange måtar er nøkkelen til heile familien sin sosiale og kulturelle inkluderingsprosess. Ved å tilby frivillige, ressurssterke kvinner eit opplæringsprogram med tema som foreldreskap, born, skule, arbeid og helse, er håpet å gje kvinner den kunnskapen og stønaden dei treng for å kunna hjelpa seg sjølve og kvarandre.

Målet er at bydelsmødrene skal tileigna seg kunnskap om kva rettar, moglegheiter og plikter dei har i samfunnet, og kvar dei skal venda seg for å få desse innfridd. Vidare, skal dei kunna formidla denne informasjonen til andre kvinner, som det offentlege kan ha vanskeleg for å nå, anten på grunn av språk, isolasjon eller andre utfordringar. Såleis har bygdemødrene ei unik rolle - som brubyggjarar mellom familiar med minoritetsbakgrunn og det norske samfunnet - då dei er kjende med både familien sitt språk og kultur og det norske tenesteapparatet.

Målsettinga når ein gjennom følgjande delmålsettingar: 

  1. Brubygging mellom kvinner og lokalsamfunnet.
  2. Kvinner oppdagar og brukar eigne ressursar for å styrka seg sjølv, familien og lokalsamfunnet.
  3. Familiar og lokalsamfunnet vert rusta opp til å skapa eit oppvekstmiljø som styrker born og unge til å klara seg i samfunnet.

I Noreg vart organisasjonen Bydelsmødre stifta i 2016 av Nasreen Begum etter modell frå Tyskland og Danmark. Det er så langt etablert frivillige Bydelsmødre-foreiningar og grupper i seks bydelar i Oslo. I haust vart også pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda" lansert, der Kvam er ein av fire kommunar som får delta.

Her i Kvam er det Grannehjelpa som står ansvarleg for prosjektet, med koordinator Rut Oppedal Rasmussen som prosjektansvarleg. Læreplanen er stort sett den same som for Bydelsmor Norge, med somme endringar for å setja det heile i eit lokalt perspektiv. I august vart det oppretta ei ressursgruppe (beståande av Reidun Braut Kjosås, Siriann Lillevik, Elin Tonning, Liv Berit Befring og Grethe Helen Mæland) for å gje innspel til emne og rekruttera føredragshaldarar til samlingane.

Fyrste runde med Bygdemor starta opp her i Kvam den 17. september. Dei nye bygdemødrene er kvinner frå Thailand, Filippinene, Kongo, Litauen, Polen, Somalia, Eritrea og Syria. Sjølve kurset går over ti modular.

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam