Årsmelding 2020

Nyfiken på kva Grannehjelpa hadde føre seg i 2020? Ta gjerne ein kikk i årsmeldinga vår.

Du kan lese den digitalt ved å klikke her: Grannehjelpa årsmelding 2020 
eller, du kan ta turen innom oss i Sandvenvegen 1B og hente papirkopien. 


Alle med interesser for frivillig arbeid er hjarteleg velkomne til
Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til generalforsamling onsdag 7. april kl 18
Møte vert gjennomført digital på Whereby: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Vanlege årsmøtesaker og val. Saker må vera i hende innan 26. mars. Fullstendig saksliste og årsmøtepapir kan hentast hos GrannehjelpaMe innleiar møte med kaffi, kake og dialog kring tema «Fellesskap for framtida». Er du nyfiken på kva som skjer i Grannehjelpa? Då håpar me du nyttar høve og kjem. 


Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam