Torsdag 11 November
Kl. 14:00 - 16:00, Gamlastovo gardsrestaurant, Fykse Velkomne med æra på Gamlastovo gardsrestaurant, Fykse
Ver velkomne med æra på Gamlastovo gardsrestaurant på Fykse. Arne diskar opp med heimalaga korv med potestappe, tomatsalat og pesto. Dessert: Vaniljeis med lunt plommesylt og kaffi. I tillegg fortel Arne litt om om garden, om hardingfela og spelar eit par slåttar for oss. Middagen kostar 100 kr pr.person. Betalast kontant eller på vipps ved oppmøte. Avgrensa antal plassar, så "fyrst til mølla" gjeld. Påmelding innan 1.november. Grannehjelpa arrangerer middagen med støtte frå Helsedirektoratet.

"Velkomen med æra" er månadlege middagstreff for seniorar i alle aldre 

Påmelding er stengt

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam