Torsdag 10 Mars 2022
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
UTSETT! Tematreff: Øyvind Strømmen om konspirasjonsteoriar
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 10. mars: Øyvind Strømmen om konspirasjonsteoriar
Mange kjenner Øyvind Strømmen som informasjonsrådgjevar for Kvam herad. Somme veit kanskje også at han er journalist, omsetjar og forfattar av ei rekkje bøker. Han har ei mastergrad i religionsvitskap, og vert rekna for å vera ekspert innan feltet politisk ekstremisme. Når han gjestar tematreff, tek han med seg boka si Giftpillen. Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft, og vil fortelja oss meir om temaet konspirasjonsteoriar. Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori? Korleis får slike, stundom heilt ulogiske og svevande idéar, slå rot som sanning? Når vert ein konspirasjonsteori farleg?

Bli med på tematreff, og lær meir om dette spanande og høgaktuelle temaet!

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell 

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam