Tirsdag 3 November
kl. 11:30 - 13:30 Trakkatrimmen Spar i Norheimsund
Mosjonsgruppe for alle som føretrekk å gå i moderat tempo, i lett terreng. Oppmøte ved Spar i Norheimsund kvar tysdag kl. 11.30.

Trakkatrimmen er mosjonsgruppa for deg som likar å gå tur i moderat tempo, på stabilt underlag. Gruppa møtest kvar tysdag kl. 11.30 ved Spar i Norheimsund. Turane varer ca. 2 timar. Ta med niste, og kle deg etter vêr og vind.

Viktig oppdatering per mai 2020:

For at turane skal vera trygge for både deltakarar og turleiar, er det viktig at alle følgjer smittevernreglane. Per dags dato gjeld følgjande:

  • Alle deltakarar må vera friske og ha god allmenntilstand (ein kan ikkje vera med dersom ein har fått påvist korona, er i karantene, eller har symptom på sjukdom)
  • Alle som ikkje tilhøyrer same husstand, må halda éin meter avstand til kvarandre
  • Unngå handhelsing, klemming og all annan form for fysisk kontakt
  • Alle må sjølve ta med det dei treng av personleg utstyr - det skal ikkje delast på utstyr innad i gruppa
  • Ta med eigen mat og drikke
  • Dersom det vert aktuelt å køyra til turens startpunkt, er det tilrådd å halda éin meters avstand gjennom heile reisa, unngå kontakt andlet til andlet, og ikkje nytta heile kapasiteten i transportmiddelet (ikkje fylla opp bilen til maks tal passasjerar)


Vel møtt, og god tur!

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2020 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam