Torsdag 14 Januar 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: samtale med ordførar Torgeir Næss
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 14. januar kl. 18: samtale med ordførar Torgeir Næss
Dagleg leiar i Grannehjelpa, Sidsel Haugen, leier samtalen med ordførar Torgeir Næss, som reflekterer over annleisåret 2020. Det vil sjølvsagt også vera mogleg å stilla eigne spørsmål undervegs.

Klikk deg inn på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam