Torsdag 27 Januar 2022
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: quiz og presentasjon av gamle reiskapar og tarvende frå Domhildestovo
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 27. januar: quiz og presentasjon av gamle reiskapar og tarvende frå Domhildestovo
Bli med inn i den historiske Domhildestovo - og det heilt utan å forlata di eiga stove! Her startar me med ein uhøgtidleg quiz om gamle reiskapar og tarvende som Gunnvor Rabbe har i samlinga si. Kan du gissa kva nokre av desse gjenstandane heiter eller kva dei vart brukt til, kan du vera med i trekninga av premie!

Etter quizen, vil me få ein presentasjon av reiskapane og få ei lita omvising i Domhildestovo. Me vil også få høyra litt om kven Domhilde var, og historia bak stova hennar.

Presentert av Gunnvor Rabbe, Brita Træbakken, Mibeth Skutlaberg og Øyvind Neteland.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell 

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam