Torsdag 4 November 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: På tur i Kvam med Knut Eide
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 4. november: På tur i Kvam med Knut Eide
Turleiar i Karatrakk, Knut Eide, tek oss med ut på tur i Kvam - og det utan at du treng forlata stova di! Her vert det biletframsyning av vakker natur, forteljingar frå kjekke turar i godt lag, og mangt eit kjend andlet. Bli med og få gode tips til nye turar, eller for å vera med ut og gå, utan vêr og vind!

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam