Torsdag 28 Oktober 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Om Olav H. Hauge sin lyrikk
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 28. oktober: Om Olav H. Hauge sin lyrikk med Liv Marit Aksnes
Liv Marit Aksnes er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har også ein enorm kunnskap om Olav H. Hauge, og har hatt arbeidet hans som ein sentral del av forskingsprosjektet sitt "Lyden i Lyrikken". I løpet av teamtrefftimen, vil ho losa oss gjennom Olav H. Hauge sitt liv og virke, og læra oss litt om poesi generelt, og mykje om Olav H. Hauge spesielt.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam