Torsdag 18 November 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Kva treng menneske med demens?
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 18. november: Kva treng menneske med demens? med Marit Rogde og Beate Gauden
Ein med demens er framleis fyrst og fremst eit menneske, med behov for glede og samvær – og hjelp. Bli med på vår uformelle samtale frå eit pårørandeperspektiv.
Leia av Marit Rogde (leiar i Demensforeininga i Kvam) og Beate Gauden (nestleiar i Demensforeininga i Kvam). Med seg i samtalen, får dei også ekteparet Honningsvåg, som vil fortelja om kvardagen sin med demensdiagnosen.

Passar både for dei som berre har lyst å læra meir, dei som er nær menneske med demens, og dei som jobbar med menneske med demens.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam