Torsdag 21 Oktober 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Korleis tilretteleggja for ein god kvardag?
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 21. oktober: Korleis tilretteleggja for ein god kvardag med folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås og kommuneergoterapeut Hege Dale
Kvam herad kjem attende til tematreff! Folkehelsekoordinatoren og kommuneergoterapeuten vil fortelja litt om to av føresetnadane for ein god kvardag etter kvart som ein vert eldre: fysisk aktivitet og tilretteleggjing av omgjevnadane.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam