Torsdag 24 Februar 2022
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Kor vart da tå deg, Yngve Sundvor?
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 24. februar: Kor vart da tå deg? Yngve Sundvor i samtale med Merethe Gauden
Teaterregissør og manusforfattar Yngve Sundvor har gjort stor suksess på teaterscena i både inn- og utland. Møt han til tematreff, i samtale med Merethe Gauden, om teater, arbeidsprosess, studietida i Moskva, og oppveksten i Norheimsund. Når han gjestar tematreff, har han akkurat hatt urpremiere på det nyaste stykket sitt, 2066 - Atter ein konge, ved Statsteatret, der han også er kunstnerisk leiar. Mon tru om me kanskje kan få nokre eksklusive smakebitar?

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell 

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam