Torsdag 1 April 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: høgtlesing og samtale med Ragna Helene
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 1. april: høgtlesing og samtale med Ragna Helene
Bli med på høgtlesing og samtale med biblioteksjefen, Ragna Helene Soldal. Denne gongen les ho Ingolv Høyland si barnebok Overvintring på Mødal. Etter lesinga, vert det samtale og diskusjon om boka.

Overvintring på Mødal fortel historia om to gutar som vert utfordra til å overvintra på ei seter på Kvamskogen. Boka tek stad frå november 1927 til påsken 1928, og skildrar hendingane som tek stad i løpet av vinteren.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam