Torsdag 14 Oktober 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Herlege Kvamskogen
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 14. oktober: Herlege Kvamskogen med Eva Grimstad
Eva Grimstad er styreleiar i Kvamskogen vel og forfattar av boka Herlige Kvamskogen. Bli med på tematreff og høyr om boka, arbeidet i velet og framtida på "skogen" vår. I tillegg til å læra om historia og planane framover, får du her eit ypparleg høve til ytra eigne meiningar og idear for utviklinga. Styreleiaren er nemleg særs interessert i å høyra kva de, som lev nær og nyttar Kvamskogen, synest. Er det noko de saknar der, skulle ynskja var annleis, eller har lyst til å utbetra? Bli med på tematreff, og gjer stemma di høyrd!

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam