Torsdag 11 November 2021
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Endringar i arvelov og framtidsfullmakt
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 11. november: Endringar i arvelov og framtidsfullmakt med Gunnar Skeie
Kva for endringar er gjort i arvelova i 2021, og kva omfattar eigentleg ei framtidsfullmakt? Gunnar Skeie losar oss gjennom eit føredrag som tek for seg lovgjevinga, kvifor det er så viktig å "handla i tide", og kva utfordringar som kan oppstå ved til dømes demens. Eit viktig, lærerikt tematreff!

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam