Torsdag 17 Februar 2022
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Bunaden si historie med Agnete Sivertsen
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 17. februar: Bunaden si historie med Agnete Sivertsen
Bli med på tematreff, og lær om bunaden si historie! Tematreff får nemleg besøk av Agnete Sivertsen, som er formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum. Ho vil halda eit føredrag, der ho tek oss med gjennom bunaden si historie og tradisjonar. Me vil, blant anna, få høyra korleis den bunaden me nyttar i dag har røter tilbake i tradisjonell draktskikk frå 1600-talet, få vita meir om nokre av dei einskilde plagga som utgjer ei bunadsdrakt, og litt om skaut og skautfelling.

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell 

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam