Torsdag 13 Januar 2022
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: boktips med Ragna Helene Soldal
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Torsdag 13. januar: boktips med Ragna Helene Soldal
Endeleg er tematreff tilbake - og endeleg er Ragna Helene tilbake i tematreff! Me startar 2022 med eit tematreff om det ho likar aller best, nemleg bøker. Her vert det gode lesetips for både den eine og den andre smaken - og kven veit? Kanskje finn du di nye favorittbok?

Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam