Onsdag 16 Desember 2020
Kl. 18:00 - 19:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Tematreff: Bjørn Otto Wallevik & Magnar Hjøllo
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!

Onsdag 16. desember: Bjørn Otto Wallevik & Magnar Hjøllo
Bjørn Otto Wallevik og Magnar Hjøllo har gjeve ut plata Lend ved lend, der halvparten av inntektene skal gå til nytt kjøken i Folkets Hus i Ålvik. Bli med når duoen fortel meir om plata og tankane bak dei nye songane.

Klikk deg inn på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam