Fredag 17 September 2021
Kl. 13:00 - 15:00, Tørvikbygd
Seniortreff kl 13-15
Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord på Berge Gard og Gartneri i Tørvikbygd fredag 17. september kl 13-15

Anne Grete Berge - eigar av Berge Gard og Gartneri -  har forvandla veksthusa til å romme både selskapslokale, kafe, møterom i tillegg til butikk og hagesenter, og me er glad for å kunne inviterer seniorar til treff i desse flotte omgjevnadene. Kokken i gartneriet vil sette saman ein smakfull meny til oss, så det er berre å gle seg!

Avgrensa tal plassar. Det kostar kr 100,-  pr person. Påmelding innan 7. september.

Arrangementet er gjennomført med tilskot frå Folkeakademiet i Kvam og Statsforvaltaren i Vestland.



Påmelding er stengt
2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam