Torsdag 12 August 2021
Kl. 12:30 - 15:00, Strandebarm
Seniortreff kl 1230-1500
Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord I Halvardsnaustet i Strandebarm torsdag 12. august kl 1230-1500

Me samlast i den gamle båtverkstaden som Alfred og Halstein Tangerås dreiv og som Olav Sletvold har overteke. Olav har ikkje berre teke vare på alt det gamle, han har og innreia naustet til eit unikt selskapslokale. Olemann vert med oss denne dagen, og fortel om naustet si historie. 

Kokken Espen Raknes "syr saman" ein smakfull meny til oss, så det er berre å gle seg!

Avgrensa tal plassar. Det kostar kr 100,-  pr person.

Arrangementet er gjennomført med tilskot frå Folkeakademiet i Kvam og Statsforvaltaren i Vestland.

Påmelding er stengt
2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam